Norges Bondelag: Derfor er vi med i Alternativer til dagens EØS-avtale

Landbruket er i utgangspunktet ikkje ein del av EØS-avtala. Likevel ser vi at den får konsekvensar for norske bønder. Dette skjer dels gjennom avtaler om handel med landbruksvarer mellom Noreg og EU (EØS-avtalens artikkel 19 om landbruksråvarer og protokoll 3 om bearbeidde landbruksvarer), og dels gjennom regulering av mat- og veterinære saker. Til dømes er reglar for dyrevelferd, dyrehelse og økologisk produksjon regulert av EØS-avtala. Gjennom EØS-avtalas artikkel 19 og protokoll 3 har importen av matvarer frå EU auka jamt og trutt, og legg eit stadig sterkare press på norsk produksjon. Etter at ny avtale om artikkel 19 nyleg vart sett ut i livet, har EU no ei ostekvote inn til Noreg på 7200 tonn. Dette tilsvarer rundt 10% av det norske osteforbruket. I tillegg vart det gitt tollette eller tollfrie kvotar for enkelte kjøtvarer, frukt og grønsaker, blomar og innsatsvarer til konserves og fôrindustrien. Sidan 1992 er importen av landbruksvarer til Noreg auka med over 200%. Norske bønder er altså i høgste grad berørt av EØS-avtala. Norges Bondelag ynskjer difor velkomen ein fri og open debatt rundt EØS-avtala og dei alternativa som fins til avtala. Difor støttar vi og deltek aktivt i prosjektet Alternativer til dagens EØS-avtale.